Hopp til hovedinnhold

Om Buhagen

Me er to gardbrukarfamiliar på Skiftun i Hjelmeland som sel produkta våre under merkenamnet Buhagen. Gardane ligg ned mot fjorden, med kort vei til heia.

Me sel varer produsert og foredla lokalt på garden, slik at du som kunde kan vera sikker på kor maten kjem frå og korleis han er laga. Våre varer skal vera av høg kvalitet, og produsert med mest muleg omsyn til dyr og miljø.

Buhagen eplemost er pressa av lokale eple i Jostein sitt eige presseri. Safta blir pasteurisert, før den blir tappa direkte på flasker eller i bag-in-box. Kun eplesaft, ingen tilsetningar!

På Skiftun har det vore dyrka frukt i generasjonar. Her er det gode klimatiske forhold som gir smakfull frukt. Epla på garden vert pressa til frisk og god eplemost og sprudlende sider.

Du finner oss også hos
  • Eplemost

    Smaksrik og frisk eplemost utan tilsetningsstoff. Me har eplemost av fleire ulike eplesortar, kvar med sin karakteristiske smak. Vår musserande eplemost er ein perlande og frisk most som er tilsett kolsyre - eit godt alternativ til musserande vin og sider.
  • Eplesider

    Frisk, perlande eplesider med syrlig preg. Tørr. Passar godt til sjømat.

Villsau, eller gammalnorsk sau, er etterkommar etter den gamle norske sauen som gjennom fleire tusen år har tilpassa seg livet i den norske naturen. Villsauen er liten, hardfør og har svært god helse. Våre sauer beiter ute heile året. Kjøt frå villsau er mørt, smakfullt og med lite fett. Me produserer både ferske stykningsdeler og spekemat.

Råvarer til årets pinnekjøt og fenalår blir salta, for så å henga til tørking fram mot jul. Me har både konvensjonelt og økologisk lammekjøt.
Me lager røykt pinnekjøt på bestilling.

Kalveslakt frå vår eigen besetning blir skore ned hos oss, og blir vakuumpakka og modna i porsjonspakkar. Me lager ulike typar biff, kjøttdeig, grytekjøt, steiker og ellers det kunden ønskjer. Alt kalvekjøtet vårt er økologisk.

Våre kalvar av den gamle norske storferasen vestlandsk raudkolle går saman med mor heile livet. I sommarhalvåret beitar dei ute, og er glade i turar i ulendt terreng høgt til fjells. Raudkolla gir svært mørt kjøt med fin marmorering.

Velkommen til triveleg handel i Krambuå på Skiftun! Her får du Buhagen sine produkt – eplesider, eplemost, fersk frukt, kalvekjøt, kjøt og spekemat av villsau samt villsauskinn. Produktutvalet varierer med sesong.

Sjå vår Facebook-side for oppdaterte og aktuelle produkt, samt åpningstider. Adressa er Skiftun 36.